No kjem det hurtigladarar i Eikelandsosen

Bjørnafjorden kommune har inngått avtale med Tesla om å etablere fire hurtigladepunkt for elbilar ved Fusa vidaregåande skule på Leiro i Eikelandsosen. Ladarane vil vere på plass innan kort tid.

– Dette betyr at elbilsjåførar i Fusa-delen av kommunen får eit langt betre tilbod og kortare ladetid enn dei har i dag. Ikkje minst gir det mykje betre ladetilhøve for drosjenæringa, i samsvar med nullutsleppskravet. I første omgang blir det fire ladepunkt. Om desse blir mykje brukte, kan det bli aktuelt å utvide anlegget, seier eigedomsforvaltar i Bjørnafjorden kommune, Roger Norheim Johannessen.

Tiltaket kjem på bakgrunn av eit verbalforslag til budsjettet om å auke ladekapasiteten i Fusa-delen av kommunen.
Tesla har driftsansvar for anlegget. Ladarane er opne for alle elbilar.