Nyt sola i sommar - men følg med på hudforandringar

Kreftforeningen Kreftforeningen og helsemyndigheitene set hudforandringar i fokus i mai - og det same gjer kreftkoordinator og dei tilsette i Helsefremming og rehabilitering i Bjørnafjorden kommune.

Møt kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson og kollegaene hennar på stand på Amfi Os, i morgon tysdag 24. mai kl. 12-15.

Hugs!

Gå til lege dersom ein føflekk forandrar seg slik:

  • Blir større enn før, i høgda eller bredidda
  • Endrar form og får ujamne kantar
  • Endrar farge, ofte med brunsvarte parti

Viss ein flekk kleiar, blør eller dannar eit sår som ikkje vil gro, bør du også få ein lege til å sjå på det.

Dei 5 solråda for å minske risikoen for hudkreft:

  1. Avgrens tida i sterk sol
  2. Oppsøk skugge
  3. Bruk klede, noko på hovudet og solbriller
  4. Bruk rikeleg med solkrem, faktor 30 eller høgare
  5. Ikkje bruk solarium