Nyt sola - unngå å bli solbrent!

Sigbjørg Eriksson  Det er bra for både små og store å vere i aktivitet ute i sola.
Rundt 90 prosent av all hudkreft har samanheng med mykje sol og solarium. Mange tilfelle kan vi derfor førebygge.

Risiko for hudkreft aukar spesielt når du blir solbrent, men også når du får mykje UV-strålar utan å bli brent. Strålane gir dessutan rynker og pigmentflekkar.

Ved å vite når og korleis vi skal beskytte oss mot dei sterke solstrålene, kan vi nyte fine sommardagar utan å bli solbrente.

5 råd som minskar risikoen for hudkreft

  1. Avgrens tida i sterk sol
  2. Oppsøk skugge
  3. Bruk klede, noko på hovudet og solbriller
  4. Bruk rikeleg med solkrem, faktor 30 eller høgare
  5. Ikkje bruk solarium

Les meir på kreftforeningen.no/solsmart

Få gode råd frå dei tilsette i avdeling for helsefremming og rehabilitering på stand utanfor Apotek 1 i Sommargata på Osøyro, fredag 24. juni, kl. 11-14.
Velkommen!