Områdeplan Osøyro

I møtet 21. november 2024 sluttbehandla Bjørnafjorden kommunestyre Områdeplan Osøyro, ofte omtala som sentrumsplanen. 

VInterbilete frå Osøyro 1985, med eldre bygningar, bilar og folk.  - Klikk for stort bileteOsøyro i endring. Biletet er tatt 31. desember 1985. Kommunehuset til høgre, før det blei flytta til Kyrkjeflaten og erstatta av Rådhuset. Ivar Tvedt / Lokalhistorisk arkiv

Sjå debatten i kommunestyret

Lurer du på korleis Osøyro skal sjå ut i framtida, og kva politikarane sa og stemte? Sjå debatten og avstemminga i saka på kommune-TV frå kommunestyret

Sjå alle dokument i saka 

Her finn du saksframlegg, kart og merknader frå 2020 til i dag.