Ønskjer du å leige terapibassenget på Luranetunet i 2026?

Du kan leige terapibassenget på Luranetunet på både dag- og kveldstid, og du kan leige for enkelttimar, annakvar veke eller på faste dagar. 
Vi har noko ledig på dagtid og ein del ettermiddag/kveld. Ta kontakt for meir informasjon.

Om bassenget

Helsefremming og rehabilitering har ansvar for drift og utleige av terapibassenget på Luranetunet. Bassenget er 5 x 9 m, og 90–150 cm djupt. 
Bassenget har trapper ned i vatnet, men er òg tilrettelagt med heis.

Minst ein av leigetakarane må ha livredningskompetanse/nyleg gjennomført livredningskurs , og det kan vere maks. 10 personar i bassenget på same tid.

For meir informasjon

Ta kontakt med bassengansvarleg Sissel-Mette Kanestrøm på telefon 959 35 237 eller send e-post

Kontakt

Sissel-Mette Kanestrøm
Fagarbeider
Mobil: 95935237