Oppdaterte råd for eigenberedskap

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd – blant anna som følgje av klimaendringar, krig og digitale truslar. 
Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemi, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss.   

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) oppdaterer no rådet om eigenberedskap frå tre dagar til ei veke. Det betyr at vi blir anbefalt å ha mat, drikke og utstyr nok til å greie oss sjølve i ei veke.

Ivar Kvaal/DBS

Straumbrot kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskåp og moglegheit for matlaging ikkje fungerer som normalt. 

Eigenberedskap handlar om å vere førerbudd på slike situasjonar.  

Styrk din eigenberedskap!  

God eigenberedskap er ei investering i tryggheit for deg og dine nærmaste. I tillegg bidrar du til at myndigheitene kan prioritere dei som treng mest hjelp.  

Ved å vere førebudd for ei veke blir du betre i stand til å handtere alt frå små forstyrringar i kvardagen til større kriser. I tillegg har du betre tid til å planlegge vegen vidare om krisa skulle bli langvarig.  

Hugs at nokre førebuingar er mykje betre enn ingenting!  

Sjå alle råda her