Ordførar Terje Søviknes er på plass

- Lang og god erfaring kjem alltid godt med. Men det er med audmjukheit og stor ansvarsfølelse eg overtar ordførarklubba i Bjørnafjorden, seier nyvald ordførar Terje Søviknes.

Terje Søviknes (FrP) på kontoret - Klikk for stort bileteOrdførar Terje Søviknes har første dag i ordførarstolen - for sjette gong. - Eg gler meg til å kome i gang, seier han. Ragnhild Stende Bjaadal

 

Det nye kommunestyret i Bjørnafjorden konstituerte seg i går, torsdag 19. oktober. Terje Søviknes (Frp) og Marie Lunde Bruarøy (H) blei valde til høvesvis ordførar og varaordførar.

Varaordførar Marie Bruarøy (H) og ordførar Terje Søviknes (FrP).

Du kan sjå møtet i Kommune-TV

Søviknes blir med dette Bjørnafjorden kommune sin andre ordførar sidan kommunesamanslåinga i 2020, og tar over etter Trine Lindborg (Ap).  

Terje Søviknes var ordførar i Os kommune frå 1999 til 2016 og frå 2018 til 2019. I perioden 2016-2018 var han olje- og energiminister, og 2019-2020 eldre- og folkehelseminister.