Ordførarportrett - frå Ous til Bjørnafjorden

 Velkommen til ei utstilling av gamle og nye ordførarportrett i Griegsamlingen!

Utstillinga opnar for publikum laurdag 24. april, og heng fram til 23. mai.

I Os kommune var det tradisjon å få laga oljemåleri av avgåtte ordførarar. Denne tradisjonen blir no avslutta med avduking av portretta av dei to siste Os-ordførarane: Marie Lunde Bruarøy (H) og Terje Søviknes (FrP).

Sjå avdukinga på Kommune-TV

Eirik Broll Stalheim har måla dei to siste

Bjørnafjorden kommune gjekk ut med ein open invitasjon til portrettoppdraget, og fekk inn mange søknadar frå ulike kunstnarar. Ein fagjury valde kunstnaren Eirik Broll Stalheim til det aktuelle oppdraget.

Sjå dei 32 første

I samband med avduking av dei to nye portretta, kan du òg få sjå måleria av dei 32 andre ordførarane, frå starten i 1837, då Ous omfatta Fusa, Os og Samnanger, og fram til Bjørnafjorden kommune.

Kanskje hugsar du namn og historier knytt til desse personane og tida dei representerer? Kanskje finn du òg slektningar på nokre av bileta?

Foto frå Fusa

I Fusa kommune var det eit fotogalleri med ordførarar frå 1855 til 2015. Utstillinga presenterer også utvalde foto frå dette.
Av smittevernomsyn, vil den offisielle opninga fredag vere eit lukka arrangement.
Frå laurdag 24. april er utstillinga ope for alle som vil, kl. 11-16. Kunstnar Eirik Broll Stalheim vil vere til stades heile dagen.

Velkommen!

Ordførarportrett - frå Ous til Bjørnafjorden

Kva: Utstilling av portrett av ordførarar frå Os kommune og Fusa kommune

Kor: Griegsamlingen, Oseana kunst- og kultursenter. Les meir på Oseana sine nettsider

Når: 24. april-23. mai 2021