Os Allmennpraksis flyttar inn i nye lokale - og får to nye legar
Dei tidlegare lokala til NAV Bjørnafjorden i Brugata blir legekontor frå 1. november.
Ragnhild Stende Bjaadal
Frå og med tysdag 1. november er Os Allmennpraksis på plass i nye lokale i Brugata 36 på Osøyro (tidlegare NAV).
I samband med flyttinga, vil legekontoret halde stengt fredag 28. og måndag 31. oktober.
Les meir på legekontoret sine nettsider
Nye legar gir god kapasitet
Samtidig blir legesenteret utvida frå fire til seks fastlegar. Dette betyr at dei vil ha god kapasitet til å ta imot nye pasientar.
Frå 1. november begynner lege Fride Flatmo med ledig liste, og 15. november lege Anette Hetlevik.
Sist endra 18.03.2025 15:03