Os Elektro er miljøsertifisert

Bilde av ordførar Trine Lindborg og representantar for Os Elektro med miljøfyrtårnplakaten. - Klikk for stort bileteOrdførar Trine Lindborg saman med frå v. lærling Renate Sperrevik, Ove Gill og dagleg leiar Tore Midttveit i Os Elektro. Elisabeth Vinje Nydal Ordførar Trine Lindborg overrekte onsdag det synlege beviset på at Os Elektro AS har blitt miljøsertifisert.

Dagleg leiar Tore Midttveit fortel at dei hadde mange av rutinane som miljøsetifisering krev på plass, så det var ikkje store utfordringa å få på plass sertifiseringa.

- Os Elektro er ein lokal bedrift som tar små og store oppdrag, både lokalt og utanfor kommunen. Dei er har god lokalkunnskap, samarbeider med det lokale næringslivet og har alltid to lærlingar. Slikt set vi stor pris på, seier Lindborg.