For å betre beredskapen har Os Røde Kors på eige initiativ tatt på seg å registrere og administrere hjartestartarar i Os. Vilkåret er at hjartestartaren må vere tilgjengeleg for alle døgnet rundt.
Har inngått driftsavtale
Sist veke møtte beredskapsansvarleg Gry Offerdal og styremedlem Kristian Strønen frå Os Røde Kors varaordførar Marie Bruarøy og kontorsjef Andris Hamre for å signere avtale om hjartestartaren på Rådhuset, og samtidig skape blest om den nye ordninga.
Jo fleire jo betre
For at ein hjartestartar skal vere synleg på kartet i den nasjonale oversikta hjertestarterregister.113.no, må den som eig eller driftar hjartestartaren svare på ein e-post ein gong i halvåret. Dersom ingen svarer og bekreftar at hjartestartaren finst på adressa, blir han fjerna frå oversikta. Dette vil Os Røde Kors unngå ved at dei overtar driftsansvaret for hjartestartarene.
Har du spørsmål om ordninga, eller har bedrifta, laget eller organisasjonen din ein hjartestartar de vil at Os Røde Kors kan drifte? Send ein e-post til hjertestarter@osrodekors.no.
Les meir i lokalmedia
Takk til lokalmedia som stilte og dekte den potensielt livsviktige nyhenda grundig, og som har artiklane om hjartestartarane opne for alle lesarar. På Midtsiden, Os&Fusaposten og NyttiOs kan du lese meir om hjarterstartar-initiativet.