Os ungdomsskule presenterer: Dirty Dancing

Få med deg årets forestilling frå Sal og scene-elevane på 9. og 10. trinn!

Os Aktiv, onsdag 10. og torsdag 11. april. kl. 17.30 og 20.00 begge dagar.

Kjøp billettar

Det er sommaren 1963, og 17 år gamle Frances "Baby" Houseman er i ferd med å lære ein ting eller to om både livet og dansing. Ho er på ferie med foreldra og storesøstera, men viser liten interesse for aktivitetane på feriestaden - då er det langt meir spennande med dei nattlege dansefestane som blir arrangerte av dei tilsette ved hotellet. 

Dei frekke bevegelsane og medrivande rytmene fangar Babys merksemd, og det tar ikkje lang tid før ho forelskar seg hovudstups i den sexy danselæraren Johnny Castle. Den elles så forsiktige Baby endar etter kvart opp i Johnny sine armar både på og av scena, med uføresette og svært så dramatiske konsekvensar…