Kommunalsjef for Helse og velferd Monica T. Melvold ber innbyggarane ha litt ekstra omtanke for kvarandre under ekstremvêret.
EMBV
Framleis raudt nivå
Statsforvaltaren i Vestland arrangerer samordningsmøte under ekstremvêret “Jakob” for alle kommunane i fylket. Der deltar dei andre beredskapsaktørane som Meterologisk institutt, NVE, vegeigarane Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune, politiet, helseføretaka, 110-sentralen, og infrastruktureigarar. Målet er å sikra felles situasjonsforståing og formidla viktig informasjon til kommunane.
Statusen er uendra for farevarsla for Bjørnafjorden kommune: Det er framleis raudt farenivå for jord- og flaumskred og oransje farenivå for flaum i heile kommunen. Store delar av kommunen ligg innanfor det raude varslingsområdet for regn, og resten i oransje område.
Jo lenger det har regna samanhengande, jo meir vassmetta blir terrenget rundt oss. Då aukar òg faren for skred, steinsprang, flaum og overvatn - sjølv om regnet stoggar.
Risiko for uønskte hendingar
I Bjørnafjorden har vi òg mykje skog langs vegane, og kan fort få både trefall og «tre-sig», melder SVA sine folk som reiser rundt og sjekkar slukar, kummar og andre kritiske punkt i kommunen vår. Bekkar langs vegane er store og finn seg nye løp.
Hendingar som skred, steinsprang, trefall og flaum kan gjera det vanskeleg for heimetenestene å koma seg fram alle stader, til alle tider, understrekar Monica T. Melvold. Ho ber folk vera litt ekstra obs på korleis hjelpetrengande i familien eller nabolaget har det dei neste dagane, i tilfelle det skulle bli vanskeleg for heimetenestene å koma seg fram, eller viss straum, mobilnett og tryggleiksalarmar skulle svikta.
Heimetenestene følgjer beredskapsplanane
Heimetenestene har iverksett beredskapsplanane sine. Dei tilsette kjem til å ta kontakt med brukarar og/eller pårørande, dersom det skjer hendingar, eller ferdsel på vegane blir så utrygg at dei ikkje kjem seg fram.
Per torsdag ettermiddag er det ingen stengde vegar i Bjørnafjorden kommune, men det er fleire obs-punkt rundt om i kommunen.
Følg med på utviklinga på: