Pendlarparkering i Endelausmarka: Her kan du parkere gratis og ta bussen til byen

84 gratis parkeringsplassar står klare for deg som tar bussen vidare frå Endelausmarka.

Når du har køyrd gjennom Skogafjellstunnelen frå Os, den første tunnelen på strekninga E39 Svegatjørn-Rådal, kan du svinge av til Endelausmarka og parkere gratis, før du tar bussen vidare til byen.

Då sparer du både bompengar og bilen. 

Pendlarparkering i Endelausmarka 

Sjå kart

  • 84 parkeringsplassar, 5 av desse er handikap-plassar
  • Gratis å parkere 
  • Tilgjengeleg for alle
  • Parkeringsplassane ligg før bompengeringen i Endelausmarka

Parkeringsplassane ligg fordelte på kvar side av vegen. Det er kort veg over gangbru til og frå busstoppet.

Frå Endelausmarka tar det om lag 30 minutt til Bergen busstasjon.

Sjå når bussen går frå busstoppet i Endelausmarka.