Politiet vil snakke med deg

Politiet ønskjer å invitere til meir dialog med innbyggarane - og det inneber å møte oss på vår banehalvdel. Politiet

Slå av ein hyggeleg og uformell prat med lokalpolitiet på Kiwi Moberg på torsdag mellom klokka 11 og 12.
 

Politiet i Bjørnafjorden har lyst til å møte innbyggarane oftare - og i uformelle samanhengar.
Torsdag 30. mars står dei på nærbutikken til politistasjonen - Kiwi Moberg - mellom klokka 11 og 12.

Lurar du på noko eller er det noko du ønskjer å tipse politiet om? Dei vil gjerne høyre dine tankar om kva politiet kan gjere annleis for å gi betre polititenester til deg og andre bjørnafjordingar.

Eller har du berre lyst til å slå av ein prat? Du er uansett hjarteleg velkommen bortom.