NVE har oppgradert varselet for jord- og flaumskredfare til raudt nivå.Meterologisk institutt (MET) har oppgradert regnvarselet til ekstremvêret Jakob. Det er venta store nedbørsmengder frå midnatt torsdag og dei neste 24 timane. Det gir stor fare for jord- og flaumskred.
MET sitt raude varsel omfattar indre delar av Bjørnafjorden kommune, og størstedelen av fusasida.
Raudt skredfarevarsel
NVE har oppgradert farevarselet for jord- og flaumskred frå oransje til raudt nivå. Det gjeld frå torsdag morgon 31. oktober og er venta å minka utover fredag 1. november. Varslingsområdet omfattar heile Bjørnafjorden kommune. Bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette.
Einingsleiar Agnete Haugland melder at Samferdsel, vatn og avløp (SVA) i Bjørnafjorden kommune gjer sine førebuingar, følgjer situasjonen tett og er i beredskap.
Ved akutte hendingar på kommunale vegar, bygg og anlegg, kontakt teknisk vakt i Bjørnafjorden: 982 34 440.
Ved hendingar på fylkesvegar, ring 175.
Oransje flaumfarevarsel
Flaumfarevarselet frå NVE er framleis på oransje nivå i Bjørnafjorden kommune, dvs. ein alvorleg situasjon der vi må vera førebudde på at hendingar kan skje.
For nabokommunane Samnanger, Kvam og Kvinnherad og mange andre kommunar i Vestland, er flaumfaren no oppjustert til raudt nivå.
Kva kan du gjera?
Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, og skred- og flaumsituasjonen på varsom.no.
Hald deg unna bratte skråningar og ikkje minst bekkar og elveløp med stor vassføring.
Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar frie for grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan forårsake skred.
Ver førebudd på at det kan koma skred eller steinsprang, og på at vegar kan bli stengde.
Sikre og flytt verdiar bort frå flaumutsatte område.
Meir informasjon:
Les også:
Slik førebur du deg på flaum og Slik førebur du deg på storm (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap)