Reduserte opningstider på hovudbiblioteket grunna teknisk trøbbel

Systemet som styrer tilgang til hovudbibilioteket på Os utanom ordinær opningstid, altså meirope bibliotek, har teknisk trøbbel. Meirope-systemet handterer utlånsautomatar, publikumsteljar, alarmport og tilgang. 
Biblioteket må derfor inntil vidare dessverre redusere opningstidene noko.

  • Teknisk trøbbel for systemet som gir tilgang til meirope bibliotek.

    Hovudbiblioteket sine opningstider inntil vidare:

    Måndag: 8-15 (betjent 10-15)

    Tysdag: 8-19 (betjent 12-19)

    Onsdag: 8-15 (betjent 10-15)

    Torsdag: 8-19 (betjent 12-19)

    Fredag: 8-15  (betjent 10-15)

    Laurdag: 10-14 (betjent 10-14)

    Søndag: Stengt

    Vi jobbar med å få meirope-tilbodet opp å gå igjen så raskt som mogleg, og beklagar ulempa.

NB! Brukar du ein studieplass, kan du bli igjen etter stengetid. Skriv deg opp på liste hos personalet. Du kan IKKJE forlate biblioteket (du kjem deg ikkje inn igjen) og du kan ikkje la andre gå inn, når du går.