Saman mot mobbing i barnehagen

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune

Mobbing skjer i barnehagar òg.
Ingen ønskjer å bli utestengde frå leiken eller bli snakka stygt om. Ingen foreldre ønskjer heller at deira barn skal mobbe andre. Men korleis kan dei tilsette i barnehagen best mogleg førebygge mobbing i kvardagen?
Dette er tema for eit forskingsprosjekt som Bjørnafjorden kommune er ein del av.

20 barnehagar i Bjørnafjorden

Be-Prox er ei tiltaksprogram utvikla i Sveits som har som mål å førebygge, avdekke og handtere mobbing i barnehagar. I prosjektet skal forskarar ved NORCE (Norwegian Research Centre) og RKBU Nord (regionalt kunnskapssenter for barn og unge) i tett samarbeid med fagfolk frå Bjørnafjorden kommune og Narvik kommune teste ut effekten av tiltaksprogrammet i til saman 44 barnehagar, 20 av desse i Bjørnafjorden kommune.

Ein trygg og god barnehagekvardag

Tiltaksprogrammet er prøvd ut i barnehagar i Sveits der det førte til reduksjon i talet på barnehagebarn som blei mobba. I Noreg har tiltaket fått namnet Sammen mot mobbing.
Sammen mot mobbing
skal no testast ut for norske forhold, tilpassa dei nye krava i barnehagelova som handlar om at alle barnehagar er pliktige til å sikre at alle barn får ein trygg og god barnehagekvardag.

Prosjektgruppa i Bjørnafjorden

Prosjektgruppa i Bjørnafjorden består av barnehagemynde Lena E. Sløgedal og fagsjef for kommunale barnehagar Irene K. Foer. I referansegruppa har dei med seg styrar i Borgafjell barnehage Anette Stene og pedagogisk leiar i Trollskogen barnehage Janne Gjøen Opsal.
Prosjektperioden går over om lag tre og eit halvt år, frå april 2023 til og med desember 2026.

Opplæring av heile personalgruppa

Opplæring i Sammen mot mobbing er modulbasert og blir gitt til heile personalet i barnehagen i løpet av eit barnehageår. Tiltaket inneheld seks modular som blir fordelt på fem samlingar over sju-åtte månader.  Ferdigheitstrening og deling av praksiserfaringar er vektlagt, og personalet prøver ut tiltaka i sine barnegrupper mellom kvar samling.

Viktige tema i opplæringa:

  • Haldningar og verdiar hos dei vaksne i barnehagen.
  • Korleis oppdage mobbing.
  • Korleis snakke med barn om negative og positive handlingar som kan skje mellom barna.
  • Korleis involvere alle barna i barnehagen i å utarbeide felles reglar mot mobbing og andre negative handlingar mellom barna.
  • Korleis vere konsekvente vaksne i oppfølginga av avtalte reglar.
  • Korleis hente ut positive sosiale ressursar i barnegruppa

 Les meir om Sammen mot mobbing-tiltaket her