Den kommunale kriseleiinga i Bjørnafjorden kommune deltok på beredskapsøving i regi av Statsforvaltaren sist veke, saman med politiet, heimevernet og sivilforsvaret. Framme, frå venstre på biletet og rundt bordet: IT-sjef Tom Ruben Bratholmen, kommunalsjef Helse og velferd Monica Totland Melvold, einingsleiar Samferdsel og VA Agnete Haugland, områdesjef i HV 09-202 Odd Arild Algrøy, kommuneoverlege Klaus Melf, kommunalsjef Samfunnsutvikling Runar Lunde, kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Stende Bjaadal, sivilforsvarsadjutant i Hordaland Sivilforsvarsdistrikt Hans Erik Myren, HR sjef Ingrid K. Askvik, kommunalsjef Oppvekst Line Rye, fagsjef Bjørnafjorden politistasjon Atle Birkeland, ordførar Terje Søviknes, loggførar Anja M. H. Hjelle, rådgivar for samfunssikkerheit og beredskap/beredskapskontakt Ella Marie Brekke Vangsnes og kommunedirektør/KKL-leiar Arild McClellan Steine.Øvingsoppgåvene frå Statsforvaltaren er relevante for mange ulike beredskapsscenario. Dette er oppgåver kommunen må løyse i samarbeid med andre beredskapsaktørar, uansett kva som er årsaka.
Vi blei mellom anna utfordra på korleis vi handterer bortfall av straum, mobilnett og internett. Kva må vi gjere for å oppretthalde tenestene våre i ein slik situasjon? Korleis varslar og informerer vi innbyggarar, tilsette og andre som oppheld seg i kommunen vår, når dei vanlege kommunikasjonskanalane er ustabile? Vi diskuterte òg eigenberedskap – både for innbyggarar og verksemder, vassforsyning, mottak av evakuerte og bemanning.
Viktig å vite kva vi kan bidra med
– Det er viktig å møtest og øve i lag jamleg, understrekar KKL-leiar i Bjørnafjorden, kommunedirektør Arild McClellan Steine. Han er glad for det gode samarbeidet med dei andre beredskapsaktørane, som òg møtest fast i Bjørnafjorden beredskapsråd. – På den måten blir vi kjende med kvarandre og kva alle kan bidra med i ein gitt beredskapssituasjon. Det er viktig å vere trygge i rollane våre og vite kva som er ansvarsområda til den enkelte aktør, for at vi skal kunne samarbeide best mogleg om å løyse beredskapsoppgåvene våre til beste for innbyggarane.
Gode råd
Vi i Bjørnafjorden kommune fekk øvd på fleire delar av beredskapsplanverket vårt denne dagen.
Her finn du meir informasjon om beredskapsorganisasjonen i Bjørnafjorden, og dei offentlege delane av kommunen sin overordna ROS-analyse (KommuneROS 2024) og overordna beredskapsplan for Bjørnafjorden kommune
Der finn du òg lenker til gode råd om korleis du kan førebu deg på ulike hendingar, mellom anna knytt til vêr og natur, og korleis du kan greie deg dersom det skjer noko.