Send oss tips til trafikksikring

Har du innspel til mindre trafikksikringstiltak på offentlege kommunale vegar? For eksempel gangfelt, skilting, fartshumpar eller andre fartsdempande tiltak? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Send oss innspel

Vi har 170 kilometer kommunal veg i Bjørnafjorden. Vi vil gjerne ha innspel til trafikksikringstiltak frå deg som er lommekjent. 

Her kan du sende innspel  

Her kan du lese meir om ulike trafikksikringstiltak, og finne ut kven som eig vegen. 

Skal du melde feil?

Det nye skjemaet gjeld altså berre innspel til trafikksikring. Dersom du skal melde frå om hol i asfalten, tette kummar eller andre feil og manglar som gjeld kommunal veg, vatn eller avløp, brukar du skjema som du finn her.