Sjå etter BUA-flagget i sommar!

BUA har kubb, frisbeegolf, SUP-brett, vasski, rulleskøyter, syklar, telt, soveposar og mykje anna til utlån. Velkommen innom! BUA Bjørnafjorden

Bjørnafjorden kommune sin utlånsentral BUA held ope to dagar i veka i heile sommar, både på Os og i Eikelandsosen. I BUA kan du låne utstyr til aktivitet og friluftsliv, heilt gratis.

Her kan du sjekke opningstidene til BUA Os og BUA Eikelandsosen, sjå utvalet av utstyr hos dei to utlånspunkta, og finne oppskrift på korleis du lagar deg låneprofil. 

På fine dagar fyller sommarjobb-ungdommane i BUA gjerne bilen med utstyr og tar ein tur ut til strender og friluftsområde. Hald utkikk etter BUA-flagget, og hiv deg med på leik og aktivitet!  

God sommar!