Sjå fakturagrunnlag og be om betalingsutsetjing for fakturaer frå kommunen

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Logg inn med Bank-ID for å sjå faktura, uteståande beløp og be om betalingsutsetjing.

Du kan sjå alle fakturaer frå og med 2020, både dei du har betalt og dei som ligg til forfall, via nettsidene våre.
Her er det òg mogleg å utsetje betaling av ein faktura med éin månad.

Logg inn med Bank-ID 

Merk:

  • Det er berre den som er fakturamottakar (namnet som står på fakturaen) som kan logge inn for å sjå fakturaene og eventuelt utsetje betaling.
  • Du ser berre det opphavlege beløpet, ikkje eventuelle gebyr og renter som kan ha kome til ved purring eller forseinkingar. Ta kontakt med rekneskapsavdelinga for utfyllande informasjon om tilleggskostnader.

 

Bjørnafjorden kommune sender ut fakturaer for ei rekke ulike tenester, som barnehage, SFO, pleie og omsorgstenester, vatn og avløp, tømming av slamavskiljarar, feiing og tilsyn. 
Du kan sjå full oversikt i gebyr- og prislista​​​​

Sjå instruksjonsvideo: