Sjå første Info-TV frå Bjørnafjorden kommune

Omvisning i den nye brannstasjonen i Eikelandsosen, avspenning med Friskliv og meistring, enklare byggesøknad og betre matomsorg ved sjukeheimane våre står på programmet i den aller første utgåva av Info-TV frå Bjørnafjorden kommune.

​​Det skjer mykje spennande og interessant i kommunen vår som ikkje alltid kjem gjennom i mengda av informasjon.
Målet med Info-TV er å fortelje deg om tenester og tilbod, nye og smarte løysingar og anna som du og andre bjørnafjordingar kan ha nytte og glede av å vite om.

Ny sending kjem ein gong i månaden, førebels fram til og med juni 2023.