Sjå opp for biologar i sommar!

Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden kommune skal lage ein temaplan for naturmangfald. I samband med dette vil feltbiologar frå Asplan Viak vere i sving rundt om kring i kommunen i sommar.

Biologane skal kartlegge naturtypar etter instruks frå Miljødirektoratet, som inneber at dei tidvis må bevege seg utanfor etablerte turstiar.
Vi håpar at alle innbyggarar - og spesielt aktuelle grunneigarar - møter biologane med velvilje og forståing om de skulle treffe på kvarandre i skog og mark. 

Dersom du har spørsmål om feltarbeidet, kan du ta kontakt med klima- og miljøvernrådgivar i Bjørnafjorden kommune, Arne-Richard Stadaas på e-post.