Sist veke gjekk Rullatorløpet 2024 av stabelen ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS).
Om lag 50 bebuarar og brukarar av dagsenteret stilte på startstreken, og blei hjelpte og heia gjennom løypa av elevar frå Fusa vidaregaånde skule og Fusa ungdomsskule.
- Rullatorløpet får mange ut i aktivitet og bevegelse, samstundes som det er eit veldig fint møtepunkt på tvers av generasjonar, seier fysioterapeut og initiativtakar, Malin Hrannardottir Skeie.
Her er gjengen som står bak Rullatorløpet ved FBBS: f.v. Marilene Helland, Anne-Siv Skåthun Berge, Malin Hrannardottir Skeie, Olav Flølo, Anne Kristin Næss og Randi Helen Lyhammer Sævareid.
Ragnhild Stende Bjaadal
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 05.06.2024 09:59