Sju vil bli kommunedirektør i Bjørnafjorden

Fristen for å søke stillinga som kommunedirektør i Bjørnafjorden kommune gjekk ut 31. desember 2023. Det var 13 søkarar, men seks har trekt søknaden sin. 

Av dei sju som stå att på lista, er fire namn unntatt offentlegheit, tre menn og ei kvinne. Tre kvinner og tre menn har trekt søknaden sin.  

Dei tre opne søkarane er 

  • Nima Håkon Ebrahimsen (40) frå Frei, kommunalsjef for økonomi
  • Are Andreassen (53) frå Bergen, seksjonssjef
  • Ørjan Raknes Forthun (56) frå Loddefjord, kommunedirektør i Alver til og med oktober 2023
     
    Tidlegare kommunedirektør Christian Fredrik Fotland hadde sin siste arbeidsdag i Bjørnafjorden i desember. Torgeir Sæter er konstituert i stillinga fram til ny kommunedirektør er på plass.