Skal behandle forsøk om leksefri skule

Bjørnafjorden kommunestyret skal behandle ei rekke saker om skulekvardagen i møtet torsdag 16. juni. Ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord til behandling.

Møtet startar klokka 9.00, og du kan følgje møtet på Kommune-TV. Ved sidan av sak om prøveordning med leksefri, skal kommunestyret behandle ei kvalitetsmelding om skular og barnehagar og eit forslag til ordensreglement for kommunale grunnskolar i Bjørnafjorden.

Handlingsplanen gjeld både førebygging av sjølvmord og oppfølging av pårørande etter sjølvmord. Du kan lese heile Handlingsplan for førebygging av sjølvmord

Rekneskapsrapportar og økonomisaker

Kommunestyret skal behandle fleire rapporter om den økonomiske tilstanden i Bjørnafjorden: rapporten etter første tertial 2022, også kalla Tertialrapporten, kjem opp, saman med årsrekneskapane for 2021 for Bjørnafjorden kommune,  Os Idrettspark Bjørnafjorden KF og Oseana Kunst- og kultursenter Bjørnafjorden KF, kommunen si årsmelding for 2021 og avkastningsrapport for mars 2022.

Ei ny sak om finansiering av fylkesveg Åsen-Helleskaret kjem også til behandling. Dessutan skal kommunestyret behandle ei sak og gransking av økonomiske disposisjonar for dei siste månadane i Os kommune og Fusa kommune, før den formelle samanslåinga til Bjørnafjorden kommune..

Søre Neset Idrettshall

Kommunestyret skal behandle to detaljreguleringsplanar, for Revsåsen Sør II og for SNIL-hallen, eller Søre Neset idrettslag sin planlagde idrettshall. Dei skal også behandle hovudplan for veg og to saker om endring i forskrift og godkjenne ein utbyggingsavtale og ein samarbeidsavtale.

Kommunestyret får og til behandling val av representantar til styra i Os Idrettspark Bjørnafjorden KF og Oseana Kunst- og kultursenter Bjørnafjorden KF, val av sette-kommunedirektør i samband med områdeplan for Osøyro, oppnemning av kandidatar til Fusa Utviklingsselskap sitt styre og vegen vidare for Os Bygg og Eigedom AS.

Sjå alle sakene til behandling i kommunestyret