Skal behandle kvalitetsmelding for skule og barnehage

I sitt neste møte torsdag 18. september klokka 16 skal Bjørnafjorden kommunestyre mellom anna behandle Kvalitetsmelding for skule og barnehage. Dei skal og behandle sektorplanar for Helse og velferd og for Oppvekst.

Bilde av forsida på kvalitesmeldinga - Klikk for stort bilete

Kvalitetsmeldinga for skule og barnehage 2024 omtalar læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Meldinga inneheld og vurderingar knytt til opplæringa av barn, unge og vaksne.

I meldinga blir det vist til resultat frå obligatoriske nasjonale prøvar og elevundersøkinga, og området sine satsingar og kontinuerlege arbeid. Kvalitetsmeldinga er omfattande - spesielt på skuleområdet. Samla sett gir den eit godt kunnskapsgrunnlag både for politikarar og andre som er interessert i arbeid med kvalitetsutvikling og resultat.

Sektorplan for oppvekst

Planen bygger på målsettingar i kommuneplanen sin samfunnsdel som legg vekt på at barn, unge og familiar skal leve gode liv i Bjørnafjorden. Det skal vere trygt og godt å vekse opp i kommunen vår, og barn og unge skal få ein god start i livet.

Det er tre prioriterte område som er sentrale for å oppnå det gode liv for alle barn, unge og deira familiar i Bjørnafjorden kommune:

  1. Folkehelse og livskvalitet
  2. Læring og meistring
  3. Treffsikre og framtidsretta tenester

Sektorplan for helse og velferd

Sektorplanen er den overordna strategiske planen for helse- og velferdssektoren i Bjørnafjorden fram mot 2036. Handlingsdelen i planen tar utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel og er avstemt med arbeidet for ei heilskapleg bustad- og innsatstrapp. Det er venta stor auke i talet på brukarar i åra framover, samtidig som kommunen har ein stram økonomi og rekrutteringsvanskar, og dette gir store utfordringar. Måla i sektorplanen er derfor å:

  1. arbeida helsefremjande og førebyggjande for å sikra god folkehelse, fremja inkludering og førebyggja sjukdom og tidleg død
  2. sikra nødvendig helsepersonell i tenestene, kvalitet i tenestene og allmenn tilgang til helsetenester
  3. medverka til at innbyggjarane kan leva aktive liv og bu heime så lenge som mogleg i eit alders- og demensvenleg samfunn
  4. samarbeida med pårørande, frivillige, lag og organisasjonar og næringslivet for å utvikla tenestene og møta framtidige utfordringar
  5. sikra god samanheng i tenestene og ein god tenesteflyt, og godt samarbeid med andrelinetenesta
  6. ha tenlege bygg og system for drift av helse- og velferdstenestene
  7. medverka til at vi innfrir berekraftsmåla om å stogga klimaendringane, skapa berekraftige lokalsamfunn og ein nyskapande og framtidsretta kommune

 

Skal fastsette planprogram for kommunedelplan for naturmangfald

Bjørnafjorden kommune skal utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald, og denne saka gjeld fastsetting av planprogram for planarbeidet. Planen skal styrke natur- og artsmangfaldet i Bjørnafjorden kommune og skal innehalde ein handlingsplan for god forvalting av naturmangfald.

Skal vedta endringar i brann-samarbeidsavtale

Bjørnafjorden brann og redning er med i Vest brann- og redningsregion KO. Solund kommune har søkt om opptak i dette samarbeidet, og det krev endringar i samarbeidsavtalen mellom kommunane i samarbeidet. Formannskapet innstiller overfor kommunestyret å vedta dei nødvendige endringane.

Uttale om endring av vedtekter for Oselvarsverkstaden

Stiftinga Oselvarverkstaden vart skipa av Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Os båtbyggarlag i 1997. Stiftinga ønsker å søka Stiftelsestilsynet om å endra vedtektene, og dei opphavlege stiftarane må komme med uttale. Innstillinga frå formannskapet er at kommunen ikkje har merknader til endringane.

Skal velje styremedlemmer til Os idrettspark og til Oseana

Kommunestyret skal velje styremedlemmar til Os idrettspark Bjørnafjorden KF 2025 og til Oseana kunst- og kultursenter Bjørnafjorden KF 2025. i begge sakene vil valnemnda komme med  innstilling til nye styremedlemmar og varamedlemmar i forkant av kommunestyremøtet.

Behandlar frivillig-årsmeldingar

Årsmeldingar for Os frivilligsentral og Fusa frivilligsentral blir lagt fram for medverknadsråda, formannskapet og kommunestyret til orientering.

Skal behandle to lovlegkontrollar

Kommunestyret skal behandle lovlegkontrollar etter vedtak i sakene 37/2025 Utgreiing av bonus for nærvær og sak 38/2025 Retningslinjer for sals- og skjenkeløyve i Bjørnafjorden kommune 2025-2029. I begge sakene forslår kommunedirektøren å stadfeste vedtaket kommunestyret fatta. Begge lovlegkontrollane blir oversendt Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Innbyggarforslag om sal av Kommunetunet

Bjørnafjorden kommunestyre har vedtatt å selje Kommunetunet. I juli kom eit innbyggarforslag som ber om at Bjørnafjorden kommune legg fram ein skikkeleg konsekvens- og risikoanalyse før eventuelt vedtak om sal. Kommunedirektøren sitt forslag er å avvise dette initiativet fordi saka allereie er behandla av kommunestyret.

Behandlar fire avkastningsrapportar

Avkastningsrapportane for april, mai, juni og juli viser utviklinga i kommunen sin langsiktige finansportefølje. Rapportane viser ein auke frå månad til månad, slik at marknadsverdien  på porteføljen ved utgangen av juli var på 189 millionar kroner.

Skal vedta møteplan for 2026

Kommunestyret skal vedta ein plan for møta i folkevalde organ i 2026, i tråd med saksbehandlingsreglar for folkevalde i Bjørnafjorden kommune.

Les alle sakene til behandling i kommunestyret

Du kan følge behandlinga på Kommune-TV