Bilde frå planomtalen
Opus
Planen har vore til behandling og har blitt endra fleire gongara, men no er innstillinga frå Plan-, bygg- og miljøutvalet (PBM) at planen er klar for vedtak. Planen inneber å etablere hotelldrift, tenesteyting og seks bueiningar gjennom å omarbeide bygningsmassen på Nedre Skjørsand. Planen legg opp til at strandsona med badeplass skal vere open får ålmenta.
Kommunestyret skal også behandle ein plan for Vetlerinden som legg opp til bustad- og næringsføremål. Hovudføremålet med planen er fortetting i Bjørnafjorden kommune sitt lokalsenter Lysefjorden.
Gang- og sykkelveg til Lyseparken
Bjørnafjorden formannskap har bede om ei prinsippsak om gang- og sykkelveg til Lyseparken, og kommunestyret skal no behandle ei slik prinsippsak. Innstillinga frå PBM er at det ikkje skal vere eit krav at vatn- og avlaupsleidningar skal gå langs hele eller delar av sykkelvegen, og at finansiering av tiltaket blir avklart når reguleringsplanen er ferdig.
Bjånes Fjordboliger har bede kommunen om å betale anleggsbidraget knytt til utbyggingsavtalen for Bjånes Fjordboliger i ulike trinn. Kommunestyret skal behandle eit forslag til å dele bidraget opp i tre trinn.
Garanti for Eventus?
Kommunestyret fatta i 2024 vedtak om å gi garanti for tilskot ved auke av barnehageplassar for Eventus Borgafjell barnehage. Dette vedtaket blei oppheva av Statsforvaltaren etter ein klage. No skal kommunestyret behandle saka på nytt. Kommunedirektøren si haldning er at det ikkje er grunnlag for å utvide barnetalet for Eventus barnehage, og at kommunen derfor ikkje gir garanti for ein slik auke.
Stiftinga Fana og Os Montessori har søkt Utdanningsdirektoratet om å etablere montessoriskule i Bjørnafjorden frå hausten 2026. Bjørnafjorden kommune skal komme med uttale om dette, og forslaget til vedtak er å ikkje tilrå ei slik etablering.
Vigselsmynde til kommunedirektøren
Kommunane har ansvar for borgarleg vigsel, og for å bli vigslar, må ein bli utnemnt av kommunestyret. No skal kommunestyret fatte vedtak om at kommunedirektør Arild McClellan Steine får vigselsmynde.
Kommunestyret skal også behandle retningslinjer for sals- og skjenkeløyve i Bjørnafjorden, reglement for formannskapet og PBM som klageorgan, årsrapport for kontrollutvalet og ein søknad om midlertidig fritak frå verv i folkevalde organ.
Ein tiltaksplan for oppfølging av Kommune-ROS kjem til behandling, og kommunestyret skal behandle avkastningsrapport frå februar 2025 og ei oppfølging av kommunestyrets budsjettvedtak om bonus for nærvær.
Sjå dokumenta i alle sakene