Skal du bygge, rive eller endre? Gjer det enklare med eByggesøk

Norkart Skal du gjere noko på eigen eigedom og er usikker på om du må søkje om løyve, kva du må søkje om eller korleis du fyller ut ein søknad? 

eByggesøk er ei digital søknadsløysing som hjelper deg som privatperson å

  • finne ut om du må søkje kommunen om løyve til prosjektet ditt eller ikkje
  • finne ut om du kan fylle ut og sende søknaden sjølv eller få hjelp frå ein ansvarleg søkjar
  • fylle ut og sende inn den digitale byggesøknaden - frå nabovarsel til ferdigattest

Bjørnafjorden kommune har tatt i bruk rettleiaren og søknadsløysinga eByggesak frå Norkart.

Løysinga vil gi raskare behandlingstid, mindre feilretting, meir effektiv saksbehandling og komplette søknader inn til oss. Vinn-vinn, med andre ord.

Gå til eByggesøk