Skal godkjenne arealplan for Bjørnafjorden Vest

Kartet over arealet til KDPA Bjørnafjorden Vest - Klikk for stort bilete

Torsdag 11. mai skal Bjørnafjorden kommunestyre behandle kommunedelplan for Bjørnafjorden vest, altså Os-sida av kommunen.

Planen har vore til behandling i så å si heile kommunestyreperioden, etter mange motsegner frå mellom anna statleg hald. No er fleire forhandlingar og meklingar ferdige, og planen slik han no ligg føre kan no bli eigengodkjend i kommunestyret.

Kommunestyret får også til behandling ei oppfølging av tilsyn frå Statsforvaltaren knytt til oppfølging av barn i fosterheim. Administrasjonen har lage ein plan for korleis avvika frå tilsynet skal bli lukka.

I tillegg skal kommunestyret behandle ein søknad om tilskot til veg og teknisk infrastruktur på Samnøy i samband med utviklinga av Samnøy Næringsområde. Dessutan skal kommunestyret godkjenne atomberedskapsplan for Bjørnafjorden kommune.

Det kjem også fleire årsmeldingar og to interpellasjonar til behandling.

Sjå alle sakene som er oppe til behandling her: Bjørnafjorden kommunestyre 11.05.2023 - Bjørnafjorden kommune (onacos.no)