Skal vedta grøn mobilitetsstrategi

Bjørnafjorden kommunestyre skal på sitt møte torsdag 3. april mellom anna vedta eit forslag til grøn mobilitetsstrategi for Bjørnafjorden. Strategien skal gjere det enkelt, attraktivt og trygt å gå, sykle eller reise kollektivt framfor å bruke bil.

Bilde av eit av symbola til Miljøløftet - Klikk for stort bilete Miljøløftet

Strategien har også ein handlingsplan med konkrete tiltak. Dei skal bidra til å redusere dei totale klimagassutsleppa i kommunen som er knytt til transportsektoren.  

Strategien er ein del av satsinga i  Miljøløftet, som er eit samarbeid mellom Samferdselsdepartementet (med Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet), Kommunal- og distriktsdepartementet (med Statsforvaltaren i Vestland), Vestland fylkeskommune og kommunane Alver, Askøy,  Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden.

Du kan følge kommunestyremøtet på Kommune-TV

Skal vedta bruk av Miljøløftet-pengar

Bjørnafjorden kommune har i overkant av fire millionar kroner til rådvelde til å bygge klimavennlege prosjekt under paraplyen Miljøløftet. Kommunestyret skal vedta kva kommunen skal bruke desse pengane på.

Slik skal vi bruke ekstra statsbudsjettpengar

Vedtatt statsbudsjett ga litt meir pengar til Bjørnafjorden si kommunekasse enn føresett i behandlinga av kommunebudsjettet. Kommunestyret skal vedta korleis desse ekstrapengane skal bli nytta.

Behandlar reguleringsplanar

Kommunestyret skal behandle reguleringsplanar for Lyseparken 2 og for Idrettsvegen 14. Planen knytt til Lyseparken er ei endring av områdeplanen for Lyseparken som gjeld området der Posten planlegg å etablere seg. Planen for Idrettsvegen 14 gjer det mogleg å etablere inntil 14 tomannsbustadar på tomta.

Behandlar årsmeldingar frå medverknadsråd

Bjørnafjorden kommune har tre medverknadsråd som skal gi kommunen råd om korleis ein best kan ta i vare behova til ungdom, eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunestyret skal behandle årsmelding for alle desse råda på det komande møtet.

Kommunestyret skal også behandle avkastningsrapport for januar 2025.

Sjå saksdokumenta til alle sakene som kjem  til behandling i kommunestyret 3. april