Skal vedta sykkelstrategi og tertialrapport

Klubbe som ordførar kan bruke i behandling av saker. - Klikk for stort bilete Tingey Injury Law Firm/Unsplash

Bjørnafjorden kommunestyre skal i sitt møte torsdag 15. juni mellom anna vedta ein sykkelstrategi for Bjørnafjorden og behandle rekneskapsrapporten etter første tertial.

Sykkelstrategien har som mål å auke delen av syklande trafikantar på korte reiser til fem prosent, det skal opplevast trygt å sykle, og det skal vere enkelt og effektivt å sykle for både vaksne og barn. Strategien fortel korleis Bjørnafjorden kommune kan oppnå desse måla.

Tertialrapporten viser status for sektorane sine måloppnåing,  økonomiske utvikling og bestillingar frå politisk nivå. Innstillinga frå formannskapet inneber mellom anna å nytte ulike fond til å justere budsjettpostane med til saman 23,5 millionar kroner.

Barnehage- og skulesaker
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har bede Bjørnafjorden kommune ta i mot fleire flyktningar enn tidlegare vedtatt, og kommunestyret skal ta stilling til dette. Dei skal også behandle fleire saker om barnehagar og skular, mellom anna søknad om tilskot til etablering av barnehage på Holdhus, barnehagedrift i Strøno, uttale om oppretting av privat skule i regi av Os og Fana Montessori, og kvalitetsmelding for skule og barnehage.

Kommunestyret skal også behandle veteranplanen, fleire saker knytt til Miljøløftet, fleire saker frå kontrollutvalet, to avkastningsrapportar og ei rekke rekneskapsrapporter og årsmelding og årsrekneskap for Bjørnafjorden kommune 2022. Dessutan skal dei behandle eit forslag til framtidig bruk av Kommunetunet.

Uttale NTP 2023-2036
Bjørnafjorden kommune skal komme med uttale til Nasjonal transportplan for åra 2025-2036, og kommunestyret skal ta stilling til eit forslag til uttale. Dei skal også behandle årsmelding for 2022 og velje nytt styre for 2023 til høvesvis Oseana kunst- og Kultursenter Bjørnafjorden KF og til Os idrettspark Bjørnafjorden KF.

Kommunestyret skal dessutan ta stilling til ei sak om status for Fjellheim, Valløftet 2023 og politisk organisering og reglement for Bjørnafjorden kommune i komande valperiode, frå 2023 til 2027.

Sjå alle sakene til behandling i kommunestyret 15. juni.