Skal vurdere hjelpemiddellager og heimetenestebase

Bjørnafjorden kommunestyre skal i sitt møte torsdag 22. september vurdere ulike alternativ for hjelpemiddellager og base for heimetenestene. Dei skal også behandle skulebruksplan for Bjørnafjorden kommune og eit innbyggarinitiativ om deling av Bjørnafjorden kommune.

Kommunestyret skal også behandle ei sak om vidare saksgang for ny arealplan for Bjørnafjorden vest (tidlegare Os kommune). Etter meklingsmøte står ein del punkt att, men motsegner frå Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen, NVE og Forsvarsbygg er no på plass i nytt forslag til arealplan. Motsegnene frå Statsforvaltaren i Vestland er framleis ikkje løyste.

Kommunedirektøren tilrår at hjelpemiddellager og heimetenestebase blir bygd som nybygg og at bruken av den gamle sjukeheimen blir avklart i løpet av 2024. Han kjem med to alternative forslag til vedtak i saka om oppløysing av Bjørnafjorden kommune, der det eine er å avvise innbyggarinitiativet og det andre er å greie ut forslaget.

Skulebruksplanen har vore på høyring og kjem no med endeleg forslag til vedtak. Planen er ein temaplan som skal vise korleis kommunen skal utvikle og bruke skulebygg og uteområde i åra 2022-2034 og vil vere eit viktig grunnlagsmateriale for vidare arbeid med sektorplan for Oppvekst.

Framtidig drift og vedlikehald av vatn og avlaup i Bjørnafjorden kommune står også på dagsorden. Avtalen kommunen har ned Bergen Vann går ut i 2024, og kommunestyret kan vurdere ulike alternativ til løysing.

Stiftelsen Nøtteliten barnehage har søkt om å endre garantiform, og dette skal kommunestyret ta stilling til. Det er ei av ei rekke økonomisaker til behandling denne gongen.

Du kan følge med på kommunestyremøtet på Kommune-TV.

Sjå alle sakene til behandling på Møteplan 2022 - Bjørnafjorden kommune (onacos.no)