Tysdag rodde 9a frå Os ungdomsskule på spegelblank sjø i strålande haustsol. Flaks.
Gjennom Den kulturelle skulesekken får alle elevar på niande trinn tilbod om ein dag i oselvaren sitt teikn. Oselvardagen er eit samarbeid mellom Oselvarlaget, Oselvarverkstaden og Kultureininga i Bjørnafjorden kommune. Os Rotary stiller med sikringsbåt. Nokre klassar har maks flaks med vêret. Andre blir klissvåte, men slår likevel fast at det har vore den aller beste skuledagen dei har hatt.
Regn er altså ingen hindring for debutere som oselvarroar, men sterk vind kan ein sjeldan gong spolere opplegget.
Lyn-læring
Oselvardagen er særs innhaldsrik. Elevane lærer om historia og bruken til oselvaren, og dei får omvisning i Oselvarverkstaden der båtane blir bygd. I Oselvarnaustet får alle nødvendig instruksjon om korleis te seg i ein oselvar, før dei blir fordelte i båtane som frivillige frå Oselvarlaget har gjort klare. Mange elevar som ror for aller første gong blir så ivirige at dei knapt har tid til å å gå i land for å ete lunsj.
Etter Oselvardagen kan kan niandeklassingane i Bjørnafjorden stolt vise fram diplom som prov på at kvar og ein av dei kan ro ein oselvar.