Skyss Bestilling: Bestill bussen heim

Skyss Bestilling er bestillingsbussar som køyrer når nokon har bestilt dei. I Bjørnafjorden kommune gjeld dette tilbodet for utvalde strekningar på bestemte dagar, frå og med 23. juni 2025. 
Billettprisen er den same som for andre bussreiser.

Skyss

Strandvik-Eikelandsosen-Strandvik

Strandvik-Eikelandsosen-Strandvik
Rute Dag Avreise
Strandvik-Eikelandsosen Onsdag 09.15
Eikelandsosen-Strandvik Onsdag 12.00
Bussen køyrer langs ei fast rute og tar små avstikkarar for å hente deg der du er, og køyre deg dit du skal. Ruta går på faste dagar og tidspunkt, men berre dersom nokon har bestilt. Tilbodet er ope for alle, og det er godt tilrettelagt for personar med funksjonsvariasjonar. Bestillingsfristen er to timar før avreise.

Nattbuss frå Strandvik, Baldersheim og Holmefjord til Eikelandsosen

Nattbuss frå Strandvik, Baldersheim og Holmefjord til Eikelandsosen
Rute Kva dag går ruta? Avreise
Strandvik-Eikelandsosen Søndag, annakvar helg i partalsveker 02.00
Baldersheim-Eikelandsosen Søndag, kvar fjerde helg. Sjekk appen Skyss Bestilling 02.00
Holmefjord-Eikelandsosen Søndag, kvar fjerde helg. Sjekk appen Skyss Bestilling 02.00
Bussen køyrer langs faste ruter på kveld og natt, og tar små avstikkarar for å køyre deg så nært som mogleg dit du skal. Tilbodet er ope for alle. Er det ikkje plass til alle, vil dei unge bli prioritert. Bestillingsfristen er kl. 20 på laurdag.
  • Slik bestiller du buss

    Du kan bestille buss på ulike måtar:

    Når du har bestilt vil du få oppgitt nøyaktig tidspunkt du blir henta. Dersom mange skal reise samtidig, kan det bli litt ventetid. 

    Du kan bestille fleire turar for inntil ein månad fram i tid.

    Billett og pris

    • Du kjøper billett i appen Skyss Billett, om bord med kontantar eller bankkort, på SMS eller i nettbutikken.
    • Skyss Bestilling har vanleg billettpris, og du kan bruke periodebillett, dersom du har det. 

    Skal du ha med barnevogn eller rullestol, gjeld dei same reglane som på andre bussar. Her finn du nyttig informasjon om reiser med barnevogn og rullestol

Lurer du på noko?

Du kan kontakte Skyss på 55 55 90 99måndag–fredag, kl. 8–17.

Les meir på skyss.no/bestilling