Snart er det 17. mai! Hugs påmelding til prosesjonen på Os

Snart er det tid for å feire nasjonaldagen vår igjen! Vi håper så mange som mogleg blir med å lage folkefest – både i folketoget og langs ruta for prosesjonen i sentrum. 

Vêrmeldinga for grunnlovsdagen lovar veldig bra. Det går mot ekte is-vêr! Simen Soltvedt

Sentrumsskulane og barnehagane er faste innslag i toget. 17. mai-komiteen ønsker i tillegg at fleire lag og foreiningar deltar og viser seg fram på nasjonaldagen. 

Påmelding til toget

For å sikre ei god og trygg avvikling av toget, ber komiteen om at alle barnehagar, skular, lag og foreiningar som vil vere med i toget melder seg innan måndag 5. mai til kultursjef Erik Vangsnes, på e-post erva@bjornafjorden.kommune.no

Startar på Giskavollen, avsluttar på Kyrkjeflaten

Det blir oppmøte på fotballbanen ved Os ungdomsskule frå kl 11.10 og oppstilling på tilvist plass for dei førehandspåmeldte. Prosesjonen går frå Giskavollen kl 11.30. 

Prosesjonen går i hovudsak same rute som dei to siste åra. Oppstilling på Giskavollen og tog  ned Byvegen til rundkøyringa i sentrum, deretter Hatvikvegen over Os-brua. Toget gå så rundt Irisgarden og tilbake gjennom sentrumsgatene til Kyrkjeflaten.

Endestasjon er på Kyrkjeflaten, der det blir program om lag klokka 12.30-13.30. 

Sjå kart over ruta (PDF, 8 MB)
 

    Program 17. mai på Osøyro

   10 Høgtidsgudsteneste Os kyrkje
   11 Markering i Minneparken

  • Song ved Os Mannskor
  • Kransenedlegging

   11.10 Oppstilling av prosesjon på fotballbane Os ungdomsskule
   11.30 Avgang prosesjon 
   12.30 Program på Kyrkjeflaten

  • Festleiing og helsing ved ordførar Terje Søviknes
  • Os Musikkforening spelar
  • Russetale ved Benjamin Ueland frå Kongshaug musikkgymnas 
  • Talke for dagen ved Vegard Leikvoll Moberg
  • Song og ord for dagen frå elevar ved Os barneskule
  • Utdeling av kulturstipend
  • Song ved Os Mannskor
     

17-19 17. mai konsert med Osøren Jazzensemble i Vognhallen. Arr: Bjørnajazz

Kontakt

Erik Vangsnes
Leder
Mobil: 47277146