Snart kan du låne frø på biblioteket

Torsdag 22. februar kl. 18 opnar Frøbiblioteket i Kommunetunet i Eikelandsosen. Velkommen!  

Agurkurt, sådd frå frø som overvintra i ein konvolutt og blei sjenerøst delt neste vår med nøgde nye hageeigarar.

Frøbiblioteket har vakse fram som eit samarbeid mellom Fusa hagelag og Bjørnafjorden bibliotek. 

Tips og kaffi

Arrangementet begynner med offisiell opning. Så snart formalitetane er unnagjort, deler erfarne folk frå Fusa hagelag tips om hage og dyrking. Dette er ei perfekt anledning til å stille spørsmål om alt du lurer på om planter, frø og såing - gjerne over ein kopp kaffi eller te. 

Lån frø og bøker 

Ikkje gløym å låne med deg frø frå frøbiblioteket heim til eigen hage. Lån gjerne eit par hagebøker i same slengen!

Lurer du på korleis frøbiblioteket verkar? Les Bjørnafjorden biblioteket sin presentasjon frå i fjor haust