Divya Agrawal/Unsplash
- Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om støtte til prosjekt og tiltak som fremmar integrering.
- Lokale innvandrarorganisasjonar kan søke om driftstilskot.
Bjørnafjorden kommune forvaltar tilskota på vegner av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI). Hovudmålet er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant innvandrarar og deira barn. Målgruppa for ordningane er innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre i befolkninga elles.
I årets søknadsrunde ber IMDI kommunane om å særleg fremme søknadar der norsktrening, eller forebygging av rasisme og diskriminering, er eit tydeleg element i prosjektet.
Her finn du informasjon om kven som kan søke, korleis du går fram og lenke til søknadsskjema.
Få svar i nettmøte
Lurer du på om laget eller organisasjonen din kan søke midlar gjennom denne ordninga?
Tysdag 27. januar klokka 17.30 kan aktuelle søkarar få digital rettleiing frå rådgivar i Kultureininga.
Klikk her for å bli med i nettmøte 27. januar kl. 17.30-18.30