Sommartips til foreldre i Bjørnafjorden kommune
Så var skuleferien her. Åtte blanke veker med fri flyt av fritid ligg framfor barn og unge i Bjørnafjorden. Det er herleg! Samstundes er det lurt at vi vaksne er merksame på kva barna våre fyller tida si med.
Unsplash
Her er nokre tips og råd frå oss som jobbar med barn og unge i kommunen – til deg som er mamma, pappa eller på anna vis har omsorg og ansvar for eit barn eller ein ungdom:
-
Ver tett på
- Lag klare avtalar om innetid og kvar det er greitt å vere. Der mange ungdommar heng og samlar seg, skjer ofte kjøp og sal av vape (e-sigarettar), alkohol og andre rusmidlar. Tjuveri førekjem òg, både frå butikkar og ungdom imellom.
- Snakk med barnet ditt. Spør kven dei er med, kvar dei er og kva dei gjer. Vis interesse!
- Ver tilgjengeleg. Svar på telefonen og hent barnet ditt om nødvendig.
- Pass på farten! Trimma elsparkesyklar og høg fart er faktisk farleg.
- Støtt barnet ditt. Mange tør ikkje seie ifrå om alvorlege hendingar. Støtt barnet ditt i at det er rett og viktig å varsle om ting som ikkje er greitt – og ikkje minst i at det er lurt å fortelje om det til deg.
Følg med digitalt
- Følg med og set tydelege grenser. I den digitale verda skjer det mykje som barn ikkje er i stand til å handtere, som mobbing, uthenging, utestenging, sal av narkotika, deling av seksuelt innhald og deling av grove valdshendingar.
- Snakk med barnet ditt om kva han eller ho ser på digitalt. Ver open og nysgjerrig.
- Følg med på kva for appar dei brukar, kven dei snakkar/chattar med og kva dei ser. Ver obs på appar som Telegram, Jodel, TikTok og Snapchat.
- Set grenser for skjermtid, særleg på kveld og natt.
Ta kontakt dersom du er uroa for dine eigne eller andre sine barn. Sjå Tiltaksoversikt - Bjørnafjorden kommune for kven du kan kontakte. Saman kan vi gjere sommarferien tryggare for barna våre. Vi ønskjer alle ein trygg og god sommar!
Sist endra 20.06.2025 14:20