Medan prosesjonen passerer blir Byvegen (fv 583) stengt ved innkøyringa til Giskavollen. Hatvikvegen (fv 552) blir stengt ved innkøyringa til Steinneset, og Mobergsbakken (fv 552) blir stengt ved rundkøyringa i sentrum.I kommunesenteret stenger Byvegen (fv 583), Hatvikvegen (fv 552) og rundkøyringa i sentrum frå hovudprosesjonen startar klokka 11.20. Prosesjonen er rekna å vara ein time. Vegane vil bli opna så snart vegbana er klar for gjennomkøyring.
Merk at prosesjonen kan føre til endringar i bussrutene.
Stengt på Osøyro
Sentrumsgatene med Torget og Øyro er stengde for trafikk frå morgonen av og til om lag klokka 14.
Giskavollen er stengt frå klokka 10 og fram til prosesjonen er komen ut på Byvegen. Når Giskavollen er opna att, om lag klokka 12, blir det mogeleg med omkøyring til Hatvik via Landboden, Gamlebrua og Finnebrekka til Hatvikvegen.
Det vil også vera andre vegar i kommunen som blir stengt i kortare periodar under lokale 17. mai-arrangement.
Takk for at du køyrer forsiktig, og bidrar til at alle får ei trygg og triveleg 17. mai-feiring!