Straks klart for nytt rullatorløp!

Torsdag 30. mai er det igjen klart for rullator- og rullestolløp ved Fusa bu- og behandlingssenter.

Ivrige deltakarar på fjorårets rullatorløp. Camilla Kvamme/Os og Fusaposten

Fysio- og ergoterapitenesta i Bjørnafjorden kommune og tilsette ved dagsenteret på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) gjentar fjorårets braksuksess, og arrangerer nytt løp for bebuarane og brukarane sine.

I fjor stod nesten 100 topp motiverte deltakarar - på alle funksjonsnivå - på startstreken. I år som i fjor vil dei bli heia og hjelpte fram av tilsette, familie og elevar frå Fusa ungdomsskule og Fusa vidaregaånde skule. 

Det heile startar med felles oppvarming klokka 11. Deretter blir det rullator- og rullestolløp med innlagte stasjonar og til sist utdeling av is og diplom.

Alle er velkomne til å heie langs løypa!

Støtt ei god sak 

Samstundes er det òg mogleg å støtte “Walk and Run” - ein innsamlingsaksjon til inntekt for brannskadde barn og unge i Etiopia. Innsamlinga er eit lokalt samarbeid mellom Fusa sokneråd, Fusa frivilligsentral og Bruktbuo. 
Skann QR-koden eller gå inn på spleis.no/rullatorløp