Sykle til jobben 3. mai - 16. juni 2024

2024-utgåva av Sykle til jobben-aksjonen startar 3. mai og varar til og med 16. juni.  Alle bjørnafjordingar kan delta gratis, så her er det berre å melde seg på.

Les meir og meld deg på her: www.sykletiljobben.no
 

Plakat for Sykle til jobben med tre personar og tekst - Klikk for stort bilete Sykle til jobben

All aktivitet tel!

Merk at all aktivitet tel i aksjonen, som dans, løping, symjing, turar i fjellet, alt du kan tenke deg. Alle som registrerer aktivitetane sine er med i trekninga av fine premiar. Det er også premier til den som verver andre deltakarar.

Å delta treng ikkje vere ein konkurranse; det kan og vere ein spore til litt ekstra aktivitet. All aktivitet gir helsesgevinst, og særlig om du er aktiv saman med andre. Derfor får du raskare poeng om du trenar med ein kollega, og du får raskare poeng om du går og pratar samen med andre.

Sykle til jobben varer i tidsrommet 3. mai - 16. juni 2024.


www.bjornafjorden.kommune.no 
facebook.com/bjornafjorden.kommune.no 
www.miljøløftet.no