Trafikksikringsmidlar til Bjørnafjorden

Vestland fylkeskommune har fordelt 2,5 millionar kroner til trafikksikringstiltak for første halvår 2025. Bjørnafjorden har fått pengar til sykkelkurs på sju barneskular, Aktiv skuleveg og Trafikksikring i ungdomsmiljø. 

Silje Alvsaker / Vestland fylkeskommune

Desse barneskulane i Bjørnafjorden 
har fått støtte til sykkelkurs: 

Halhjem 21 000 kroner
Søfteland 14 000 kroner
Lysekloster 28 000 kroner
Nore Neset 14 000 kroner
Lunde 28 000 kroner
Fusa 7000 kroner
Os 14 000 kroner

To gangar i året deler Trafikktryggingsutvalet i Vestland fylkeskommune ut pengar til aktivitetar som skal bidra tryggare trafikk. Dette halvåret har 80 søkarar frått til saman 2 540 500 millionar kroner.

I Bjørnafjorden har sju barneskular fått tildelt mellom 7000 og 28 000 kroner til sykkelskule, for å gjere dei unge syklstane til trygge trafikantar. Nore Neset barneskule har òg fått 5000 kroner til Aktiv skuleveg.

Trafikktryggleik i ungdomsmiljø

 “Trafikktryggleik i ungdomsmiljø” blei gjennomført på forsommaren 2023. Trygg Trafikk, politiet i Os og Fusa, to trafikkskular og representatar frå Bjørnafjorden kommune besøkte alle tiandeklassingane i kommunen og snakka om trafikktryggleik frå mange innfallsvinklar.  I tillegg blei det gjennomført såkalla “gladkontrollar”, der det blei lagt vekt på rettleiing av unge trafikantar.  No har Bjørnafjorden kommune fått 40 000 kroner frå fylket til å gjennomføre ein tilsvarande trafikkaksjon i 2025.  

Her kan du sjå alle tildelingane i heile Vestland fylke.