Tusen takk!

– Eg vil rette ein stor takk til alle som har stått på i snøkaoset dei siste dagane, seier varaordførar Marie Elisabeth Bruarøy (H).

Varaordførar Marie Elisabeth Bruarøy (H) takkar alle vêrbestandige bjørnafjordingar for innsatsen og tolmodet - og vêrgudane for regnet. Ragnhild Stende Bjaadal

Ros til dei som leverer

- Først vil eg rose dei tilsette i Teknisk drift som har brøytt seint og tidleg for å gjere det mogleg for oss andre å i det heile tatt komme nokon veg - og ikkje minst til Heimetenestene som har trassa vêr, vind, snø og is for å nå fram til folk, seier Bruarøy.

Handlekraft og tolmod

− Eg er òg imponert over kor handlekraftige og tolmodige bjørnafjordingar er i slike situasjonar. Det er lett å bli irritert og fortvila når snøkaoset rår, men dei aller fleste forstår den massive jobben det er å rydde slike enorme snømengder på kort tid. Regn, vind og plussgrader siste døgn har heldigvis gjort ein grundig ryddejobb på vegar, fortau og parkeringsplassar. For ein gongs skuld er det kanskje på sin plass å takke vêrgudane for alt regnet, seier Bruarøy.