Ungdata 2024: Kva tenker fagfolket om det unge bjørnafjordingar fortel?

- Dei aller fleste barn og unge i Bjørnafjorden har det bra. Det må vi ikkje gløyme når vi dukkar ned i dei mindre positive tala i Ungdata-undersøkinga. 
For det er alvorleg å sjå kva tala fortel om einsemd, stress, usikkerheit, mistrivsel og dårleg sjølvbilete. 
Dette pregar mange unge liv, og det bekymrar oss som har ansvar for tenestetilbodet til barn og unge i Bjørnafjorden kommune, seier leiar for Familiens hus, Linda Hevrøy, fagsjef skule, Janne M. Eik, leiar for Førebyggande helsetenester, Marita Måge og ruskonsulent Carl-André Dahl.

Fagfolket: f.v. skulesjef Janne M. Eik, ruskonsulent Carl-André Dahl, Familiens hus-leiar Linda Hevrøy og leiar for Førebyggande helsetenester, Marita Måge. Ragnhild Stende Bjaadal

Sjå samandrag av resultata for Ungdata 2024 i Bjørnafjorden kommune

Dagens ungdom blir ein aldri heilt klok på - og slik skal det vel på sett og vis vere. Gjennom Ungdata-undersøkinga svarer skuleelevar over heile landet på spørsmål om korleis dei har det og kva dei driv med. 
Totalt 2614 barn og unge frå 5. trinn til VG3 i Bjørnafjorden svarte anonymt og frivillig på spørsmål om mellom anna livskvalitet, skule, foreldre, venner, fritid, helse og framtidstru ein februardag i 2024. 

Svara deira gir oss eit godt innblikk i korleis det er å vekse opp i Bjørnafjorden og Noreg i dag. 

Korleis har barn og unge i Bjørnafjorden det?

  • 78 % av ungdommane i Bjørnafjorden svarar at dei er fornøgde med livet sitt, medan det nasjonale talet er 83 %. 
  • Jenter skårar lågare enn gutar. Skilnaden mellom jenter og gutar er størst på spørsmålet om ein likar seg sjølv som ein er, 59 % mot 82 %.
  • Det er òg kjønnsforskjellar når det gjeld prosentdelen som den siste veka har vore glad, engasjert, hatt masse energi, vore optimistisk med tanke på framtida, kjent seg nyttig og kjent at ein meistrar ting. I Bjørnafjorden skårar jenter betydeleg lågare enn gutar på alle desse faktorane.

Ungdata 2024

Lukkepress

– Ungdomstida er full av endringar og utfordringar. Slik er det berre. Samstundes kan vi ikkje stikke under stol at barn og unge i dag er utsette for eit heilt anna trykk enn vi foreldre opplevde i vår ungdomstid. Mange kjenner på eit enormt press for å lukkast på absolutt alle frontar - eit “lukkepress” som kanskje er heilt uoppnåleg, seier Marita Måge, leiar for Førebyggande helsetenester, som mellom anna omfattar helsestasjonen og skulehelsetenesta.

  • Bruk av smertestillande tablettar minst ein eller fleire gonger i veka har auka markant.
  • I Bjørnafjorden rapporterer elevar høgare tablettbruk enn nasjonalt. 25 % av elevane i ungdomsskulen i Bjørnafjorden brukar minst ein gong i veka smertestillande tablettar, mot 21 % nasjonalt. 
  • Jenter skil seg ut med eit markant høgare forbruk enn gutar. Tidstrenden viser også auke frå 17 % i 2019 og 2021 til 24 % i 2024.

Ungdata 2024

Stress og mistrivsel kan gi fysisk smerte

Den store auken i bruk av smertestillande er alarmerande. Kva kjem det av? Mange, spesielt jenter, rapporterer om dårleg psykisk helse. Vi veit at mentalt stress, gruing og mistrivsel for mange gir seg utslag i hovudverk eller magesmerter. I tillegg søv mange langt mindre enn nødvendig. Då er det gjerne “enkelt” å døyve smertene med ein tablett, utan at ein kanskje går inn på det som ligg bak. Ofte er det velmeinande vaksne som tilbyr ein tablett som løysing ein quick fix. Vi foreldre vil jo så gjerne fikse ting - finne ei løysing raskt og få ubehaget til å gå over for ungane våre, seier Måge. 

Vi treng robuste barn. Barn treng robuste foreldre

– Vi må tole at ungane våre opplever både motgang og vonde kjensler. Vi må greie å ta dei såre, men gode samtalane. Livet er ikkje alltid lett. Det er mykje snakk om at vi må gjere barna meir robuste, men det er nødvendig for mange foreldre å bli meir robuste i møte med barna sine reaksjonar òg, seier Linda Hevrøy, leiar for Familiens hus i Bjørnafjorden kommune. 
Vi ser det heilt frå dei første konsultasjonane på helsestasjonen. Foreldre er redde for å gjere feil. Dei stolar ikkje på seg sjølve. Før spurde ein gjerne mor si eller ei venninne om råd. I dag tar ein kontakt med kommunepsykologen, for å setje det på spissen. Dette gjenspeglar profesjonaliseringa av oppveksten og rettigheitssamfunnet. Samstundes ser vi jo at dei aller fleste barn og unge er godt fornøgde med foreldra sine og all oppfølginga dei gir. Spørsmålet er vel kanskje om dette gjer barna våre så sjølvstendige som vi ønskjer, seier ho.

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Skjerm, søvn, sjølvbilete

  • Ungdom i Bjørnafjorden brukar meir tid enn ungdom nasjonalt på både elektroniske spel og sosiale medium.
  • I Bjørnafjorden melder 25 % av elevane på ungdomstrinnet at dei er ganske/veldig mykje plaga av å kjenne seg einsame. Dette er litt høgare enn nasjonalt, som er 22 %. 
  • Jenter på 9. trinn ligg signifikant høgast når det gjeld å vere veldig mykje plaga av å kjenne seg einsam, 24 %.

– Alt heng saman med alt. Mykje skjermbruk og lite søvn, kombinert med massiv påverknad frå sosiale medium fører til mange alvorlege utfordringar for både den enkelte, foreldra, skulen – og samfunnet. Vi ser at mange unge fortel om dårleg sjølvbilete, einsemd, usikkerheit og eit overveldande press. Dei blir rett og slett overvelda, seier fagsjef skule, Janne M. Eik. 
Ungdata 2024 viser òg ei dobling i bruk av hasj/marihuana på ungdomsskulen sidan 2021.
– Eg trur auka rusbruk er eit symptom på noko anna. Rusbruk er på sett og vis eit symptom på ein mangelsjukdom - eit behov for noko anna som ikkje blir dekt. Barn og unge treng meiningsfylte aktivitetar og trygge, “analoge” fellesskap som fremmer sjølvrespekt, tilhøyrsle og identitet, seier ruskonsulent Carl-Andre Dahl.

Mindre fornøgde med skulen

  • I Ungdata-undersøkinga i 2021 var 64 % av elevane på ungdomsskulane våre nøgde med skulen dei gjekk på. I undersøkinga i 2024 seier berre 52 % det same. 
  • Berre 17 % av ungdomsskuleelevane i Bjørnafjorden seier dei er svært nøgde med skulen dei går på. Landsnittet er 29 %.  
  • I vår kommune er 11 % svært misnøgde med skulen dei går på, elles i landet seier 7 % det same.

Ungdata 2024

 –Det er bekymringsfullt at berre om lag halvparten av ungdomsskuleelevane våre er nøgde med skulen sin. Den same tendensen ser vi på mellomtrinnet.  Skulen i Bjørnafjorden har hatt kraftige nedskjeringar, samstundes som vi har ei stadig større gruppe elevar med behov for ekstra oppfølging og omfattande tenester. Dette er ein tendens både i Bjørnafjorden og nasjonalt. Desse ungdommane har gjerne både åtferdsproblem, høgt skulefråvær og begynnande rusutfordringar. Kombinert med høgt sjukefråvær blant tilsette, er det naturleg å tenke at dette har innverknad på skulemiljøet, læring og trivsel i klassen for mange, seier Eik.

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

– Tidleg innsats er nødvendig

– Vi kjem inn for seint. Det har ikkje blitt satsa nok på systematisk førebyggande arbeid i Bjørnafjorden kommune, og det trur eg vi betaler for no. God og tilstrekkeleg foreldrerettleiing må starte allereie på helsestasjonen og i barnehagen. Vi veit at mange foreldre både ønskjer og treng råd og rettleiing. Tidleg innsats er den beste måten å førebygge vanskar for barna deira seinare i livet. Vi veit òg at fleire barn og unge frå Bjørnafjorden blir viste til BUP for utgreiing av til dømes ADHD, diagnosar på autismespekteret og angstliding enn folketalet i kommunen skulle tilseie, fortel Hevrøy.  

For lite til for mange

– Mange lokale aktørar gjer ein kjempeinnsats for barn og unge i Bjørnafjorden kvar dag. Kommunen har mange gode tiltak for å hjelpe barn, unge og foreldre som treng det, men klarer ikkje å gi eit godt nok tilbod til alle slik ressurssituasjonen er i dag. Vi har for lite tilbod og ressursar til ungdomane på raudt nivå – altså dei som treng mest. Men vi må halde fram å prioritere førebygging med dei ressursane vi har for å unngå at fleire får det vanskeleg i framtida, seier dei fire fagfolka.
Ungdata-undersøkinga viser samfunnstrendar og -endringar over tid. 
– Det betyr òg at heile lokalsamfunnet må bidra for å motverke dei negative trendene. Det krevst ei heil bygd for å oppdra eit barn – foreldre, naboar, idrettslaget og alle andre. Vi treng alle med på laget rundt og saman med barna våre.

Sjå samandrag av Ungdata-rapporten 2024 her