Vegarbeid: Frustrerande for mange - nødvendig for alle

Vegarbeid - med tilhøyrande stengte vegar og omkøyring - har sett sitt preg på området og trafikken i og rundt Giskavollen og Byvegen ved Gymnasvegen/Idrettsvegen dei siste månadene. 
No er arbeidet i sluttfasen, og vegane skal etter planen opne for normal trafikk i starten av juli.

– Eg forstår godt at det er frustrerande med venting og omkøyring - spesielt for dei som bur i området rundt skulane, kor det har vore mykje vegarbeid dei siste åra, seier Siril Langhelle i prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune. 
− Dessverre er stengte vegar av og til heilt nødvendig.

Vegarbeid Giskavollen - Klikk for stort bilete Siril Langhelle/Bjørnafjorden kommune

Forstår frustrasjonen

Sidan januar har det pågått arbeid med å legge nye hovudleidningar for vatn og avløp i Giskavollen. Vegen er stengt frå både barneskule-sida og Landboden-sida, og trafikken går om sentrum eller Borgavegen/Finnebrekka. 
Arbeidet skal etter planen vere sluttført i juli.

I Byvegen har det vore gravearbeid,  stengt køyrefelt, stengt gangveg og lysregulering sidan februar. Då starta prosjektavdelinga, entreprenør Løvaas Maskin AS og Rørleggeriet AS arbeidet med å legge ny hovudleidning for vatn. Byvegen skal etter planen opne 5. juli.

– Eg forstår godt at det er frustrerande med venting og omkøyring - spesielt for dei som bur i området rundt skulane, kor det har vore mykje vegarbeid dei siste åra, seier Siril Langhelle i prosjektavdelinga i Bjørnafjorden kommune. 

Her får du informasjon og svar om kommunale vegar og vatn

Stengte vegar, vassbrot og andre meldingar som påverkar trafikk og dagleg drift blir lagt ut under Driftsmeldingar på bjornafjorden.kommune.no Her finn du informasjon om planlagte og akutte hendingar som gjeld veg, vatn og avløp. Her kan du òg sjå kor lenge arbeidet skal pågå og når vegen skal opne att.

Dersom du har andre spørsmål, ta kontakt med kontaktpersonen som er oppgitt i den aktuelle driftsmeldinga eller send ein e-post til post@bjornafjorden.kommune.no. Det er ein sikrare måte å få svar på enn i kommentarfelt i sosiale medium.

Alle som bur i eit område som blir direkte råka av vegarbeid, får i tillegg varsel på SMS.

Vegarbeid i Byvegen  - Klikk for stort bileteGrunnforholda i Byvegen byr på mange utfordringar. Siril Langhelle/Bjørnafjorden kommune

Stenger aldri for moro skuld

− Dessverre er det av og til heilt nødvendig å stenge, for at vi skal kunne gjere vegar og vassforsyning betre og sikrare. Eg kan forsikre om at vi aldri stenger vegar unødvendig eller for moro skuld. Eg kan òg forsikre om at det blir jobba kontinuerleg. Vi er alle interesserte i å få gjort jobben så raskt og godt som mogleg. Av og til skjer det uføresette ting, som til dømes at vegen står i fare for å rase ut, som var tilfelle i Byvegen. Då stansar vi arbeidet i påvente av ekstra sikring, slik at det er trygt for arbeidarane å halde fram med jobben, fortel Langhelle.

Hald ut!

− Sjølv om ein køyrer forbi ofte, er det ikkje alltid ein får med seg heile biletet og har oversikt over kva som skjer eller ikkje skjer i arbeidet. Hald ut! Ha i bakhovudet at målet med arbeidet er at det skal bli tryggare og betre å bu og ferdast for alle, oppmodar Langhelle.