Velkommen til Erfaringskafé ved Solli DPS

Solli Distriktspsykiatriske Senter (DPS) inviterer jamleg til erfaringskafé. Neste gong er onsdag 25. september klokka 12.30-14. Du er hjarteleg velkommen!

Anna Tukhfatullina/Unsplash

Har du erfaring med psykiske helseproblem og lyst til å vere med andre som veit korleis du har det?
På erfaringskafeen i kantina på Solli kan du møte nye menneske, utveksle og høyre andre sine erfaringar og fine foredrag.

25. september: Aktivitetssenteret Psykisk helse Bergen sør

Til denne erfaringskafeen kjem erfaringskonsulent Paolo og fortel litt om si historie, om arbeidet han gjer ved Aktivitetssenteret Psykisk helse Bergen sør og kva senteret har å tilby.

Servering av kaffi, te og kake - og til slutt loddtrekking med fine premiar.
Solli DPS er eigd av Haraldsplass Diakonale Stiftelse, og tar imot pasientar frå Bjørnafjorden, Samnanger, Austevoll og Fana bydel i Bergen.