Unsplash / Darling Arias
Vil du ha hjelp med småreparasjonar av klede eller andre tekstilar? No er det hjelp å få! «Fikseloftet» i Os frivilligsentral er ope torsdag 11. april frå kl. 17.30 til 21.
Klar, ferdig, fiks!
Hjarteleg velkommen til eit sosialt møtepunkt med gjenbruk i fokus og småprat over kaffikoppen. Vi stiller med symaskiner (inkludert sytråd), sakser og synåler, og dyktige frivillige som klør i fingrane etter å hjelpe. Du stiller med det som skal fiksast, og det du elles treng av stoffbitar, garn, knappar, glidelåsar for å få fiksa det.
Har du spørsmål, eller kan du tenke deg å vere frivillig på Fikseloftet? Ta kontakt med BUA på telefon 481 68 677.
Les meir om Fikseloftet (PDF, 347 kB)