Velkommen til Fikseloftet!

Har du noko som treng å fiksast? Ta det med til Det gamle kommunehuset torsdag 24. april! Då opnar Fikseloftet igjen, eit samarbeid mellom Os Husflidslag, BUA Bjørnafjorden og Os frivilligsentral. 

Unsplash / Darling Arias

Vil du ha hjelp med småreparasjonar av klede eller andre tekstilar? No er det hjelp å få! «Fikseloftet» i Os frivilligsentral er ope torsdag 24. november frå klokka 18 til 21. 

Klar, ferdig, fiks! 

Hjarteleg velkommen til eit sosialt møtepunkt med gjenbruk i fokus og småprat over kaffikoppen. Vi stiller med symaskiner (inkludert sytråd), sakser og synåler, og dyktige frivillige som klør i fingrane etter å hjelpe. Du stiller med det som skal fiksast, og det du elles treng av stoffbitar, garn, knappar, glidelåsar for å få fiksa det.

Du er hjarteleg velkommen, også om du har lyst til å hjelpe til. 
Har du spørsmål? Ta kontakt med BUA på telefon 481 68 677.

Les meir om Fikseloftet. (PDF, 4 MB)